Sånn er det å bli gamal og grinete. Hadde eg lest denne boka for 25-30 år sidan så er eg viss på at eg hadde likt den mykje, mykje betre enn det eg gjorde no når eg endeleg tok meg på tak og las den igjennom. I studietida så var dette boka «alle» skulle lese, men sjølv så tykte eg det såg for skremande ut med drygt 1000 sider i tillegg til pensum, så eg heldt meg til pensum eg. Ja, og så litt øl då.

Det er vel ikkje nokon som IKKJE kjenner historia, i det minste sånn i grove trekk? Sjølv har eg fått med meg filmane, og hadde derfor stort sett ein ide om kva for vending historia ville ta medan eg las. Stort sett, ja, eg hugsa sjølvsagt ikkje alt. Inntrykket mitt er at filmane har vært ganske trufaste mot boka, men der er jo ein del ting som ikkje kjem fram på lerretet.

Ein slik ting er dette med den store historia som ligg bakom. Eg kan ikkje hugse at dette vart vektlagt i filmane, men i boka refererast det hyppig til mytologiske og historiske hendingar i Tolkien-universet som ikkje betyr stort for sjølve handlinga, og som eg opplever som forstyrrande. I tillegg tykte eg av og til at handlinga vart tværa ut, det gjekk litt for seint av og til, eller kanskje er det rettare å seie at det gjekk for mange omvegar av og til.

Men pytt sann, dette er som nevnt innledningsvis berre surt oppgulp frå ein grinete gubbe. Og det er uansett ikkje til å kome ifrå at det er eit flott og gjennomarbeida eventyr som vil glede nye lesarar i uoverskueleg framtid.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Noen har det sånn, og noen har det slik. Sjøl leste jeg bøkene i godt voksen alder og syntes de var strålende. Da filmene kom, var jeg blitt såpass gammel og gretten at jeg nekta å se dem, siden jeg var sikker på at de ville ødelegge opplevelsen min av eventyret. Men det var jo umulig å unngå Frodos begredelige ansikt, som dukka opp både her og der - enda en grunn til å droppe kinobesøk i sakens anledning. Bøkene står i hylla, men jeg er usikker på om jeg kommer til å hente dem fram igjen noen gang.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

kntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette Augustin