Ei mektig og god bok om livet til den unge Morten Pedersen, etter kvart Falck, frå han kjem frå Norge til København i 1782 for å studere teologi, via nokre år i teneste som prest på Grønland, ein sveip innom Norge att, før han reiser til København og får med seg den store bybrannen i 1795. Brorparten av historia handlar om tida på Grønland, og det trøysteslause livet i kulde og mørker i ei skrøpeleg kolonibosetjing hjå eit okkupert folk som han ikkje forstår.

Leine serverer mange truverdige og kraftfulle skildringar i denne boka, anten det er frå bylivet i København, den kummerlege seilasen til Grønland eller livet til grønlendarane. Han legg ikkje fingrane imellom for å male ut grisete detaljar angåande hygieniske forhold eller sjokkerande seksualmoral. Enkelte scener sklir over i det absurde, her kan ein nemne eit tjuveri på kjøpmannen sitt loft som ikkje ender så bra. Men stort sett har ein kjensla av at skildringane er tilforlatelege. Spesielt godt likte eg kanskje intermessoet på eit kvalfangstskip, og også bybrannen i København var mektig godt fortalt.

Unge Morten viser frå starten av at han er ein unnfallande tvilar. Han tvilar seg frå eit ekteskap i København, han er unnfallande for lagnaden til ein ung sjømann under overfarta til Grønland, han er tvilande til prestegjerninga og unnfallande for å gripe inn i sosiale tilhøve rundt seg. Men heilt tiltakslaus er han ikkje, påfunnet med å take med seg ei mjølkeku til Grønland stend det respekt av. Og sjølv om Morten aldri blir nokon helt, så stend det likevel respekt av alt han gjeng igjennom i løpet av boka.

Vi las denne boka i Lesesirkelen av 2014 i april/mai i år. Boka er god, men utfordrande, og den egna seg ypperleg til diskusjon undervegs.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeOleKirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakim