Heilt grei Hole-bok frå Jo Nesbø. Det er ein del trådar frå tidlegare bøker som knytast saman i denne boka. Då skulle ein kanskje tru at det er ein fordel å ha lest alle tidlegare Hole-bøkene for å få utbytte av denne. Vel, det har eg gjort, men eg veit ikkje om det gjorde så store forskjelen. For det første skal det godt gjerast å hugse og sortere vilkårlege personar som har vært med i tidlegare bøker. For det andre er handlinga godt nok forklart til at ein ikkje mister tråden sjølv om ein ikkje har lest (eller hugsar) tidlegare bøker. Nesbø er dyktig slik. Slik også.
Det er ein del blod og gørr i denne boka, men anten så har eg blitt avstumpa med åra eller så dvelar Nesbø mindre enn før ved dei mest groteske detaljane, for eg tykte faktisk ikkje at det var så gale. Det vil seie, i det verkelege livet ville det vært styrgale, men i ei krimbok er det heilt greit.
Ein annan ting eg tykte var greit er at Nesbø på mange måtar er snillare med Hole i denne boka enn i nokre av dei seinare, førre bøkene. Rett nok er der dramatiske episoder der helten er ein hårsbreidd frå å miste livet, men tilværet ellers er ikkje slett så beksvart. Har Nesbø blitt sentimental med åra? Han finn til og med rom for å la ein person som har hatt skurke-rolle i fleire bøker gjenoppstå som ein slags helt. Då er det jammen meg håp for alle.
Nesbø kan trygt halde fram med å skrive fleire Hole-bøker, dette er spanande og stort sett velkomponert krim som mange trufaste lesarar set pris på. Deriblant denne lesaren.