Dette er ei av dei mest kjende bøkene til den engelske forfattaren Thomas Hardy, og den første eg les (høyrer) av han. Tess er eldstejenta til ekteparet Durbeyfield, fattige landarbeidarar i sørvest-England. Faren John er drikkefeldig, og dei kjem i eit økonomisk uføre. Men John har fått vite at han kanskje stammar frå adelsslekta d’Urberville, og han sender eldstejenta i veg med von om at ho kan få ein fot innanfor den velståande greina av slekta.

Boka kan kanskje klassifiserast som ein kjærleiksroman, i allefall belyser den vanskar med kjærleik på tvers av klasseskilja. Men for min del var kjærleikshistorie-aspektet ikkje særleg vellukka, det blei litt for sjablongmessig og melodramatisk. Boka kan også lesast som ein kritikk av standssamfunnet, i så måte er den hakket meir vellukka. Men det som virkelig løfta boka i mine auge (øyre) var dei fantastiske skildringane av natur, folk og levesett. Om ein ikkje finn andre grunnar for å ville lese boka, så bør dette vere grunn nok, for dette var bra.

Eg høyrde denne boka som gratis lydbok frå Loyalbooks, der opplesaren var veldig bra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudAnneWangMarianne MHarald KBjørg Marit TinholtJarmo LarsenChristoffer SmedaasEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.Tove Obrestad WøiengretemorCarine OlsrødAud- HelenPiippokattaGrete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgeWencheDressmyshelfRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinBeathe SolbergBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageMartin