Linnéa Myhre, som blei vidgjeten som morosam sinnabloggar for nokre år sidan, har sidan hausta mange lovord for å vere åpen om sjukdomen sin i den sjølbiografiske boka Evig søndag. Boka Kjære kan langt på veg seiast å vere ein symbiose mellom Evig søndag og bloggen hennar. Men i staden for blogg-innlegg stila til lesarane sine er teksta i Kjære utforma som (stort sett) korte og underfundige brev til familie, vennar, kjendisar, representantar for diverse firma, og endåtil seg sjølv.

Her er det mykje bra. Myhre skriv godt, og har ein tiltalande form for humor. I tråd med tonen i bloggen, så er det fleire som får påskrive i passet sitt kvar skapet skal stå. Men der er også brev med meir seriøst innhald, gjerne sjølrvransakande og/eller med sjukdomen som tema. Alt i alt var det eit fint knippe med tekstar, med passe balanse mellom humor og alvor. Måtte forfattaren finne inspirasjon til, og glede ved, å halde fram med skrivinga, talentet er der.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Morten MüllerKirsten LundAvaPiippokattaTanteMamieToveEgil StangelandEvaAlexandra Maria Gressum-KemppiBjørg  FrøysaaMorten BolstadHilde H HelsethMetteTove Obrestad WøienPer LundAnniken RøilIreneleserIngunnJRandiAEllen E. MartolBeathe SolbergKristina Jernstrøm LyseboJulie StensethTom-Erik FallaTrude OmaBjørg Marit TinholtNicolai Alexander StyveKjerstiStian AxdalDaffy EnglundelmeEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MJan-Olav SelforsHilde Merete GjessingHeidi BAnne Berit GrønbechStig TSvein Erik Francke-Enersen