Etter å ha lest om Sioux-opprøret i 1862 i Vilhelm Moberg sin Siste brev hjem kjende eg trong til å få vite meir om desse hendingane frå eit indianar-synspunkt. Og det får ein til gagns i denne boka, ikkje berre denne konflikta men ein heil serie med ulike indianarkrigar få rundt 1860 og nokre tiår framover i tid. Og det er ganske nedslåande lesnad, her er grove overgrep, brotne lovnadar og feige nedslaktingar i fleng.

Den norske versjonen er noko nedkorta i forhold til originalen. Vanlegvis er dette noko som irriterer meg, men denne gongen var det like greit. Ikkje berre fordi at ein då slapp å ta innover seg enno meir elende, men også fordi den litterære stilen blei litt for leksikalsk og einsformig etter min smak. Eg veit ikkje om dette gjenspeglar stilen i originalteksta, men uansett tykte eg boka var litt tung å kome igjennom.

Likevel er eg veldig glad for at eg las igjennom denne boka. Det skadar ikkje å minne seg sjølv om, når ein sit og hyggar seg med diverse utvandrarromanar a la Moberg og Hoem, at nokon betalte ein høg pris i andre enden, og at det er ein urett som ein aldri får gjort opp for.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

MarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie Uvaag