Edvard Hoem. Liv andre har levd.
Diktaren Edvard Hoem kallar denne historia for ei krønine, og seg sjølv som skriva, og med det er han meir låst til historiske fakta enn i ein skjønnlitterær roman. I ei lang passasje synes eg det var synd for boka, for det vart noko kjedeleg når han skildra dei harde mellomkrigsåra på prærien, men det hører nok med, for det var eit hardt liv og lyspunkta og håpet var ikke det det var så mykje av på den tida - men heldigvis kom krigen og boka tok seg opp igjen etter ca 56 prosent.
Historia vekslar mellom livet til Eilert og hans etterkomarar på Albertaprærien og Anton Edvard med sine på Molde og Fræna. Eg synes livet i heimlandet var skildra meir levande, med mindre statistikk og med flere kjensle framtidsvon og optimisme enn livet på prærien. Det kan nok være fordi eg er heimekjær, men og fordi at skrivaren sjølv hadde større register å ta ta når han skulle dikte levde liv på historiske fakta.
I denne boka skriv han si families historie fram til han sjølv er ti år gammal. Føler at eg kjenner Edvard si familie vel så godt som min eiga no, så han har gjort et godt arbeid. Edvard er jo ein av våre store, så de av dykk som ikkje har lest bøkene har mykje å gle dokke til.
Eg vil sakne å vente på neste bok av dette prosjektet, men håper at han også i framtida vil skrive om folket frå Fræna.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Thomas Røst StenerudTone Maria JonassenTine SundalVannflaskeCamillaSynnøve H HoelCathrine PedersenHarald KlillianerHeidiDagfinn JakobsenKirsten LundAnniken BjørnesTove Obrestad WøienDolly DuckAnn ChristinRufsetufsaGretheFIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalStig TÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo Larsen