Lystig kvalitetslitteratur, no måtte eg tenke meg om. Av bøker som eg har lest i seinare tid så er det kanskje først og fremst Don Camillo som eg kjem på. Ei fantastisk samling med små og humoristiske, men likevel alvorlege, forteljingar om presten Don Camillo, Jesus, den kommunistiske ordføraren Peppone med fleire i eit sterkt splitta etterkrigs-Italia.

Andre tips; Mark Twain har jo skrive mykje bra, og han hadde jo ein utsøkt humoristisk penn. Eg høyrde reiseskildringa Roughing it som lydbok tidlegare i år, og lo mykje undervegs.

Den brasilianske forfattaren Jorge Amado skreiv også bøker av høg kvalitet. Temaa er ikkje alltid nødvendigvis lystige, men bøkene er likevel breiddfulle av humor og varme. Det er ikkje så lett å finne bøkene hans på norsk, men om ein leitar litt så er det sikkert mulig å få tak i dei. Nasjonalbiblioteket har forøvrig fleire av bøkene hans tilgjengelege.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eit par andre som skriv bra og humoristisk, i alle fall etter mange sin smak, er Arto Paasilinna og Erlend Loe. No ser eg av boksamlinga di at du alt har lest ei av Loe sine bøker, og at den ikkje blei nokon favoritt for å seie det på den måten. Men kanskje er det verdt å snuse på Paasilinna?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

IngeborgAud- HelenBjørn BakkenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRandiATine SundalPiippokattaNina GHanne Kvernmo RyeGro-Anita RoenGunillaHeidiCamillaRos-Mariknut erikTrineWenche VargasIngunn SKirsten LundReidun SvensliHarald KCatrine Olsen ArnesenSiv ÅrdalCaritaIreneleserBeathe SolbergAnne Beth Amdal VoldSigrid Blytt TøsdalKaren PatriciaIngeborg GTorill RevheimRoger MartinsenAnne-Stine Ruud HusevågEmil ChristiansenHilde H HelsethBård StøreNinaBerit RHilde Merete GjessingDina