Forventa å like denne betre enn kva eg faktisk gjorde. Historia er knallbra og truverdig, men eit par ting trekker ned for min del. Mellom anna sakna eg meir innblikk i livene og tankane til hovedpersonane - Tom Stilton og Olivia Ronning. I dei tidligare bøkene følte eg at eg blei betre og betre kjend med desse to som personar, opplevde ikkje det same forhaldet mellom lesar og karakterar her... Språket er ei anna ting som trekker ned for det er tidvis "overkrydra" av adjektiv og unødvendig lange skildringar. Utanom dette veit eg ikkje heilt kva som gjorde at eg ikkje likte denne så godt... Absolutt ein leseverdig kriminalroman, men den leverer ikkje like bra som feks Håkan Nesser eller Torkild Damhaug