Ein svak firar, dette. Ingen dårleg bok, men til tider blir det litt for mykje av det gode - og det gode her er typiske scener som blir litt "overkill". Eg for min del syntes også at det er litt for mange navn i boka - såpass at det er vanskeleg å halde styr på alle -, ikkje alle karakterene hadde trengt å blitt introdusert med namn då dei ikkje nødvendigvis spelar ein betydningsfull rolle...

Elles likar eg dei småartige formuleringane og kommetarene som finnst i boka, og dialogene er velskrivne og truverdige. Boka ville, i mi meining, vore endå betre dersom ho var korta ned med omlag femti sider - ein god del gjentakingar og unødige skildringar kunne med fordel vore kutta ut frå boka.

Det bør også nemnes at ein bør ha lest Springflo før ein går laus på denne. Sjølva krim-historia står for seg sjølv, men karakterane, forhalda mellom dei, og mange av referansene bygger klart vidare på Springflo og ein vil nok ha ein langt betre forståelse for karakterar og korleis dei handlar og tenkjer dersom ein har øest den første boka.

Håpar at denne også kommer som tv-serie, for eg storkosa meg med Springflo. Samenlikna med bok nr ein var denne hakket under. E blei likevel underholdt og eg har kost meg med boka. Nummer tre og fire har eg framleis planar om å lese. O eg trur mykje av grunnen er at Tom Stilton og Oliva er karakterar ein vert nyfikne på å følgje vidare, og det i seg sjøl lovar godt for bokserien

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Berit RÅsmund ÅdnøyVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli HagelundReadninggirl30Harald Kmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterHanne Kvernmo RyeIngeborg GTor-Arne JensenCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonPiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtLinda NyrudTone SundlandJulie StensethSolveigMonica CarlsenJBStine SevilhaugTone HRufsetufsaEgil Stangelandsvarteper