Denne trudde eg lenge at skulle få fire stjerner. Eg likte boka så godt heilt frå starten av. Og eg blei underholdt i lang tid, ja, heilt til slutten ...likevel blir det berre to kjipe stjerner. Og det skyldest det eine aspektet av boka som best kan beskrives som "overnaturleg" (for ikkje å øydelegge for nye lesare kan eg ikkje sei særlig mykje meir). For meg øydela det i grunn ALT då eg ikkje lenger fant det truverdig. Eg likar thrillare og eg likar fantasy, men om ein først skal dra fantasy inn i ein thriller så må ein gjere det betre enn dette...