Etter nokre veker utan å drage i hus fleire bøker, så kom eg til kort under Oslo-turen i veka som gjekk.
Brevet til Rosailn av Øystein Orten. Eg liker godt Orten sine bøker, men dei er ikkje så lette å finne i bokhandelen. Når eg då kjem over eit eksemplar til sterkt nedsatt pris, så blir vegen til handlekorga kort.
Bikkjeevangeliet av Asbjørn Stenmark. Eg likte omslaget. Eg har hund. Eg les for lite dikt. Tre gode grunnar for å plukke boka ut av tilbodskassa. Jau, eg bladde sjølvsagt litt i boka for å sjå om eg likte stilen. Førsteinntrykket rettferdiggjorde i allefall å bla opp ein femtilapp for denne.
Avgrunnsblikk av Jørgen Brekke. Eg liker godt bøkene til Brekke, men normalt ville eg ha venta til den var på sal. Men så hadde bokhandelen lagt fram eit signert eksemplar, og då var eg solgt. Og straks etter var boka det også, Dessutan så mangla eg ei bok til nyttårsforsettet om å lese minst 2 bøker som er nye av året, så det passa heilt fint.
Mister Pip av Lloyd Jones, dette var den einaste som ikkje var eit impulskjøp. Har vært på jakt etter eit inbunde eksemplar av denne ei stund, og fann det i Oslo.
Så får vi sjå kor lang tid det gjeng før neste bok kjem over dørstokken. Bokklubben har sendt meg eit gåvekort på kr 100 som må nyttast innan 27. august. Og lesesirkelen startar også oppatt i slutten av august. Alt tyder dermed på at det blir minst eit bokkjøp til før denne månaden er over.