Jau, no stundast det atter mot Norway-Cup-tur
Med eit knippe med bøker i sekken på lur
Og til bussturen skal eg så klart pakke ned
Telefonen med lydbok og øyrepropp med

Det blir Stoltheit og fordom på øyret som start
Der herr Darcy er byrg og miss Bennet er smart
Og når denne er slutt kjem Mark Twain på sin hest
Som han rir inn i solraudens villaste vest.

På papir er Gargantua lesnaden no
Her er plenty av humor som passar på do
Som ei avveksling tek eg nok med meg ein krim
Det er Alex som blir med i ranselen min.

For å heilt vere viss på å ikkje bli lens
(eg vil helst ikkje plagast av bok-abstinens)
Så blir Seierstad-boka om Utøya med
Men sannsynlegvis får den nok ligge i fred.

Måtte laget vårt sanke seg mange poeng
Med fantastiske skåringar, sigrar i fleng
Men om tapa blir mange, og sinnet i kok
Finn eg trøyst ved å vandre langt inn i ei bok

Godt sagt! (17) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Dette er så bra :-) Du imponerer, rett og slett!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

:-D
Du blir bare bedre og bedre, Jostein! Lykke til med Norway Cup!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk. Det blei siger i dag, i alle fall. Så får vi sjå korleis det gjeng vidare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenEgil StangelandMartinKirsten LundPiippokattaNora FjelliNicolai Alexander StyveKari ElisabethDinaIreneleserRandiAElin SkjerengAnn-ElinMarit HøvdeHarald KDaffy EnglundFindusNorahTone Maria JonassenTor-Arne JensenRufsetufsaJulie StensethHarald AndersenEvaBjørg RistvedtVannflaskeTherese HolmMcHempettTor Arne DahlStian AxdalHeleneRonnyHeidi BMarianne NordeideAnniken RøilGrete AastorpBjørg L.ChristofferTrude Oma