Kanskje var forventningane for høge etter å ha lese mykje godt om boka. Kanskje var eg ikkje i riktig humør for denne boka. Kanskje er eg for ung og dum til å ha vett nok til å verdsette denne velomtalte boka. Kva enn grunnen er, så blei eg altså litt skuffa. Boka er på ingen måte dårleg, ho svara berre ikkje til det eg forventa meg.

Eg syntes det blei litt for flatt, litt for lite oppbygging av spenning/konflikt. Til tider syntes eg og det blei i overkant mykje erotikk her...meir enn nødvendig og såpass mykje at det ikkje gjorde noko godt for boka. Eg er forrestenen veldig for likestilling men oppdaga at eg trass i det blei litt oppgitt over Jon som i blandt oppførte seg som kona i forhaldet mtp å trenge trøst og konstant oppmuntring. Eg blei heller aldri heilt klok på dette med at Jon ØNSKA å sjå ho saman med andre menn... Det virker berre så søkt...

Det eg imidlertid likte var synsvinkelen. Mannen, Jon, forteller om ekteskapet sitt med kona gjennom hennar augo. Altså slik han ser for seg at ho kan ha opplevd det heile. Dette er ein fin vri som gjer boka særpreg og som fungerte veldig bra. I tillegg er det språklige i boka av høg kvalitet. Virkelig nydelig språkbruk og mange smarte formuleringar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild SLise MuntheTonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg Ristvedt