Tykkjer du det er for mykje lettvint reiselitteratur der ute? Umorosame forfattarar som dreg i veg for å skildre ei lang rekkje sjølvinitierte "scener" frå turen? Dette er ikkje ei slik bok. Jon Severud dreg i fotspora til Aasmund Olavsson Vinje si reiserute frå 1860, turen som vart til "Ferdaminne". Severud har gjort eit uhorveleg grundig og stort kjeldearbeid, og plukkar frå kvarandre Vinje sin tur frå Eidsvoll til Trondheim og tilbake. Kor mykje av det Vinje skriv, er til å lite på? Kven var dei verkelege modellane for hendingane i som Vinje skildrar i "Ferdaminne"? Severuds bok dissekerer og hyllar Vinje sitt prosjekt. Ho er både eit portrett av Vinje, samtida hans og endringane i det norske samfunnet i dei 150 åra som er gått.

Denne boka krevjer konsentrasjon av deg, og det fortener ho. Ein maktdemonstrasjon av ei reiseskildring.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

LailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenIngeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian Axdal