God helg, ja. Snart påske, og eg spekuilerer fælt på korleis eg eventuelt skal få skvisa inn noko krim, for det er full rulle med andre bøker.

Ringenes herre er eit mangevekers-prosjekt, der er eg omlag halvvegs no. Det irriterer meg forøvreg grenselaust at eg ikkje las den medan eg var i 20-åra, eg mistenker at eg hadde likt den mykje betre då. Ikkje slik å forstå at eg misliker den no, på ingen måte, men eg blir ikkje så oppslukt som eg forestiller meg at eg hadde blitt då eg var yngre.

Så har vi desse lesesirklane, då. Sleit meg igjennom siste delen av Pesten på torsdag, det vart dessverre slik at denne ikkje fenga meg i særleg grad. Så starta eg på Gå aldri fra meg same kveld, denne verkar i det minste å vere lettlest, og eg har kome godt i veg. Neste lesesirkelbok er Profetene i Evighetsfjorden, ei bok eg lenge har hatt lyst til å lese. Lesestart mandag etter palmesøndag, så ei eventuell krimbok i påskeveka bør bli kort og lettlest. Blod på snø, kanskje?

Lydbøker, ja. Eg høyrde ferdig White Fang av Jack London på veg heim frå jobbreise i går. Flott bok, og eit perfekt speilbilete av Når villdyret våkner som eg har lest (høyrt) tidlegare. Så starta eg såvidt på The Time Machine av H.G. Wells. Har litt sansen for "klassisk" sci-fi, og prøver å få med meg litt av denne sjangeren kvart år.

Bokkjøp, ja. La meg sjå, ved inngangen til året hadde eg 121 uleste bøker ståande i hyllene, og eg satte opp eit nyttårsforsett om å ha 120 eller færre ved neste årsskiftet. Taler uleste bøker har pr dato auka til 134, det er ikkje heilt håplaust, men det illustrerer vel likevel at eg har ei viss utfordring på dette området.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

BenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer Gabrielsen