Får meg ikkje til å trille terning... Gjer nesten alltid terningkast til romanar, men har lita erfaring med å lese essay og føler meg ikkje kompetent. Dessuten syntes eg heile idéen bak denne boka, og ikkje minst gjennomføringen av ideen, er såpass genial og flott at eg ikkje klarer å vere heilt objektiv uansett.. Så eg skriv heller litt om korleis EG opplevde denne boka (lydbokversjonen, Storytel)

Ei original lita bok om det å vere eit menneske, om livet, og døden, og einsemd, kjærleik,.. Og mykje meir kjem frem når vi følger Kristopher Schau gjennom ein vinter og vår kor han deltar på kommunale gravferder (gravferder kor den daude ikkje har nokre pårørande som stiller opp...). Foruten det nevnte får vi også eit innblikk i korleis besettelser kan utføres når ingen er der for å sjå og høyre. Sjeler ein likevel musikk? Kva slags tale skal presten helde? Kan ein ha begravelse uten å utføre preken og song? Kva seier ein om eit menneske som ingen kjem for å ta farvel med? Kven er desse menneska?

Hadde ikkje forventa at dei mindre enn 100 sidene skulle by på såpass mange smarte tanker, djupe betraktninger og originale refleksjonar...

Årets 25. bok: " På vegne av venner", av Kristopher Schau

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Marianne  SkageAnne-Stine Ruud HusevågGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiEllen E. MartolIngeborg GHarald KPiippokattaLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne Berit GrønbechStig THanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveBjørn SturødCathrine PedersenLogikaKaramasov11Agnete M. HafskjoldAkima MontgomeryTine SundalalpakkaAnniken LHeidi BHilde VrangsagenBeathe SolbergAnn ChristinSilje-Vera Wiik ValeHilde H HelsethBente NogvaKari FredriksenFindus