Eg skulle til å sette opp oversikt over personane, men det var altså alt gjort! Fin! Også eg beit meg merke i at forteljaren lèt Tarrou karakterisere Rieux for oss - lurt grep.
Den triste skildringa av byen og omgivnadene blir utdjupa: "La mer elle-même avait perdu son bleu profond et, sous le ciel brumeux, elle prenait des éclats d'argent ou de fer, douloureux pour la vue."
Slik vi før gjekk frå den fyrste rotta til det fyrste dødsfallet, går vi nå til neste steg, kjensgjerninga: «Il semble bien que ce soit la peste.» Og så blir ordet peste uttalt for fyrste gong.
Litteraturen er full av allegoriar som La peste; badeanstalten i En folkefiende er vel den som ligg næmast for oss, saman med bøker av Vesaas og Duun.
Viser 1 svar.
Grepet med å la Tarrou karakterisere Rieux blir jo enda mer finurlig når fortelleren blir avslørt mot slutten av boka!