Eg har bestemt meg og ombestemt meg fleire gangar for kva eg skal foreslå i denne omgangen, og før eg endrar meining igjen så skundar eg meg med å spikre Familien Moskat av Isaac Bashevis Singer som mitt forslag.
Boka handlar om ei polsk-jødisk familie i Warszawa i første halvdelen av 1900-talet, eller eigentleg berre fram til 1939. Der er sparsamt med bokomtaler på bokelskere-sida til boka (bøkene, den har kome ut som eit 2-bindsverk). Derfor lenkar eg også til Goodreads-omtalene av boka. Ut frå det eg har lest om boka hittil, forestiller eg meg den som ein slags variasjon over Buddenbrooks, som vi har samlest tidlegare.
Der er i allefall eit par trivielle likskapar med Buddenbrooks, nemleg at forfattarane av begge bøkene har fått Nobelprisen i litteratur, og at bøkene kom tidleg i forfattarane sine karrierer. Singer skreiv på jiddisch, Familien Moskat kom ut på engelsk i 1950, Singer fekk Nobelprisen i 1978.
Ulempen med forslaget er at boka tilsynelatande ikkje er å få kjøpt i bokhandelen, i alle fall ikkje på norsk. Men eg har søkt litt på antikvariat.net, der ligg det mange eksemplar ute til sals. Eg trur ikkje det skal vere vanskeleg for alle som vil å skaffe seg eit eksemplar. Og uansett så har ein jo biblioteka.
Viser 1 svar.
En ok bråstart-intro til bakgrunnen for endel av Singer-fortellingene
ble gjengitt her ..
Tilgjengelighet: For den som leser svensk uten tårer,
skal det i nabolandet finnes massevis brukt/ restopplag av
Singers mest pådytt.. eh, populære -
fra 'Bra Böcker' som forlaget pleier kalle seg.
En finner knappast et bokloppis som ikke har en del av dem.
Også litt bra bakgrunn i denne artikkelen: