Fattigjenta Ditte har hatt teneste på Bakkegarden, og har vært litt for snill mot yngste sonen på garden. Derfor flytter ho heim til den fattegslege hytta ved stranda, medan magen veks. Det blir uråd å forsørge seg ute på bygda, og ho søker derfor innover til hovudstaden. I København er det mange oppturar og nedturar, men i sum blir det mest nedtur. Og ein aukande ungeflokk på lasset.

Dette med at Ditte er for snill er eit tema som gjeng att igjennom heile boka. Heilt frå ho var lita har ho tatt ansvar for at andre skal ha det bra, men det er ingen som tek seg av Ditte. Tvert om, Ditte blir stendig utnytta av folk rundt seg, og uansett kor hardt ho slit er det uråd å kome seg ut av fattigdomen. Det blir heller verre og verre dess meir ein balar. Men det er ikkje alle som er vrange, ein får også døme på godt naboskap og samhald mellom dei fattige. Og yngsteguten frå Bakkegarden tek seg opp utover i boka.

Eg er ikkje stø i litterære stilartar, men dette må vel vere hardbarka sosialrealisme? Nexø syner på nådelaust vis kor fortvila vanskeleg det er å vere på botnen av samfunnet, og ikkje minst mekanismene som sørger for å halde folk nede. Avbetalingssystemet for symaskiner var eit grelt eksempel i så måte.

Likevel, boka er etter mi mening for ujevn til at eg vil gi den eit av dei høgaste terningkasta. Delar av forteljinga blir for skjematisk, det tenderer av og til mot klisjear. Men der er også glimt av magi, om enn litt sjeldnare enn i første bind av denne tobindsutgåva.

På slutten av boka så nemnast så vidt to menn, «Pelle» og «Morten». Er det to av dei tidlegare romanfigurane til Nexø, Pelle Erobreren og Morten den røde som har fått ei lita gjesterolle her? Vel, eg har Pelle ståande i bokhylla, svaret får eg kanskje når eg les den. Men det er ikkje sikkert det blir i år.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Heidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundHarald KSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsvein