Eit av dei grellaste bok-minna mine frå 2013 er synet som møtte meg då eg passerte Ark-butikken øverst på Nordre i Trondheim, truleg ein sommardag, der utstillingsvindauga var tapetsert med Jo Nesbø sin Politi og Dan Brown sin Inferno. Og inne i butikken var det kubikkmeter på kubikkmeter med stablar av desse to bøkene. Det gav eit absurd inntrykk av at det ikkje fantest andre bøker enn desse to som var bryet verdt å by fram til publikum.

Mistorstå meg rett, eg har ingenting imot korkje forfattarane eller bøkene, eg har lest begge to og likte dei godt. Men det var denne sanselaust einspora marknadsføringa som gjorde meg litt nedstemt på vegne av alle dei andre gode bøkene i butikken.

I dag fekk eg eit aldri så lite flashback då det gjekk opp for meg at både Harry Hole og Robert Langdon skal vekkast til live att i år, etter 4 år i dvale. Mange har sikkert fått med seg at tittelen på neste Harry Hole-bok er Tørst, og at den kjem 21. mars i år. Førehandstinginga er visst godt i gang i diverse nettbutikker. Litt færre er kanskje merksame på Brown-boka Origin. Den kjem heldigvis ein del seinare, 26. september (veit ikkje når den norske utgåva kjem). Dermed vil ein vonaleg unngå Brown/Nesbø simultantapetsering av bokhandlarvindauga dette året.

Og så må eg føye til at eg gleder meg til å lese begge bøkene. Anten i år, eller etter eit sal om eit par-tre år.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 3 svar.

I Odda har vi fått ny bokhandel. Det er Norli som fant det formålstjenelig å etablere seg her etter noen års fravær, det etter at Libris ved et gammelt ektepar ga seg. Nå har Mammutene inntatt byen igjen, mange gode bøker - flere av dem har jeg lest og da forsvinner jo spenningen. Butikken er altfor fersk til at de kan hente ting fra egne hyller utover det som kjedene spyr ut - hvis de har lov da, når den tid kommer...? Og boktilbud er det hele tida og overalt. Spenningsdrepende det også!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Enig! Synes det er litt trist å gå i bokhandler nå sammenlignet med slik det var for ca. ti år siden. Da var de flinke til å ta inn og sette frem ulike bøker, og man kunne finne noe nytt og inspirerende. Nå er det meter på meter av de samme bestselgerne.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det kan sjå ut som det blir enkeltbok-tapetsering dette året. Men leiter ein godt nok vil en nok finne andre bøker også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

IngebjørgHarald KPiippokattaSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik RøkkumToveVigdis VoldEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré Nesse