Tja, kanskje?
Etter 0:25, på det eg oppfattar som ein landsbyfest, ser det for meg ut som dei er i gang med ein slags danseleik, der nokre av dei dansande dannar ein gang som dei andre skal passere under (dog med rikeleg adgang til klemme litt på einannan). Og personane på 0:47 ser etter mitt syn ut som veggpryd som ventar på at nokon skal kome med stolar dei kan sitje på. Det ser mykje meir morosamt ut på landsbyfesten
Men godt søkt uansett. Og eg reiknar forsåvidt med at forfattaren har kontroll på tidskoloritten, men det kan jo vere moro å ettergå litt likevel.
Viser 2 svar.
Sant nok: De fornemme ser ikke særlig lystige ut, men de holder hverandre i hendene! Det var neppe akseptabelt med ytterligere kroppskontakt i de finere kretser. (Men stundom gikk nok naturen over opptuktelsen, også i de miljøene vi får innsyn i her. De spytta ikke i glasset, kavalerene ved hoffet!) Både ringdans og langdans kunne være pardanser i den forstand at kavaleren fant seg ei dame å holde i handa under dansen, men parene utfoldet seg ikke aleine på dansegolvet, tror jeg.
Eg er litt tidsepokeforvirra, er vi i seinmiddelalderen eller er vi i renessansen? Renessansen brukte vel ein del år på å kome seg nordom alpane. Men uansett, eg har søkt litt i wikipedia på både middelalderdans og renessansedans. Under sistnemde fann eg ein referanse til Volta, som verkar å vere ein etter tilhøva ganske dristig pardans. Så, ja, den vesle tvilen eg hadde om korrekt historisk framstilling er i ferd med å fordunste fullstendeg.