Det spøker på operaen i Paris. Dei nye direktørane ved etablisemmentet trur ikkje heilt på det, og spesielt ikkje når spøkelset kjem med ganske store pengekrav og set diverse andre vilkår for å la vere å ruinere operaen. Dei trur det er nokon som held ap med dei og freister å avsløre kven det er som stend bak, utan hell. Men dei som har jobba ved operaen i nokre år veit betre, dei er overtydde om at det verkeleg er eit spøkelse på ferde.

Dette er berre eit lite sidespor av handlinga. Hovuddelen handlar om den vene svenske sangerinna Christine Daae og trekantdramaet med dei to mennene som forelskar seg i henne, vicomte («visegreve») Raoul de Chagny, og – tadam! – operaspøkelset.

Tonen i forteljinga er på den eine sida mørk og mystisk men der er også gode prosjonar med humor innimellom. Handlinga gjeng føre seg i operabygget Palais Garnier. Der er mange flotte skildringar frå bygninga, sjølv likte eg spesielt godt ei scene ved Apollo-statua på taket.

skriv bildebeskrivelse her

Eg kan likevel ikkje forstå anna enn at forfattaren må ha dimensjonert opp bygget ein del i forteljinga si. Med alle lønngangane og andre rom som etterkvart blir omtalt i handlinga kan det ikkje vere att særleg med plass til å halde operaframsyning i. Men det er ikkje så farleg,

Der er andre aspekt ved forteljinga som skurrar litt meir for meg. Når eg gir meg til å dvele ved truverdigheita i premissane for ei forteljing, så ramlar begeistringa mi for den med eit par hakk. Derfor blir det berre eit litt over middels terningkast frå meg. Dei fleste kjenner nok til at boka er blitt omarbeidd til ei populær musikkspel-framsyning. Sjølv sat eg og tenkte på at handlinga hadde gjort seg veldig godt som teiknefilm a la Hayao Miyazaki sine fantastiske meisterverk. Men det finnest alt så mange filmversjonar av forteljinga at det er ikkje sikkert at det er vits i å lage fleire.

Boka høyrde eg forøvrig som lydbok frå Loyalbooks. Opplesaren greidde seg stort sett bra, sjølv om det svikta litt med uttalen av namn. Men når lydboka er gratis tilgjengeleg så blir det for dumt å klage.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

TonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn ChristinAlice NordliToveTorKjell PEli HagelundHilde Merete GjessingVigdisBirkaG LReadninggirl30EvaHeidi LSynnøve H Hoel