Helga var ålreit, den. Eg har tatt ei lita pause frå lesesirkelboka Kongens fall, for ikkje å kome i mål så altfor tidleg. Men eg held meg i Danmark, for eg har nemleg starta på Ditte menneskebarn av Martin Andersen Nexø. Fin bok så langt, og glimtvis heilt fantastisk.
Det blei ein del bilkøyring i helga, og dermed kom eg også til endes i The Phantom of the Opera. Meir køyring på torsdag denne veka, så eg må snart finne ut av kva neste lydbok skal bli.
Vonar de andre også har hatt ei fin helg.
Viser 1 svar.
Og det blei Maskeblomstfamilien av Lars Saabye Christensen. Kom omlag 1/3 i veg i lydboka i går, og den er heilt ypperleg. Stemninga i boka stend godt til køyring på slapsete vegar i mørke og regn.