Tittelen på boka kan oppfattast som misvisande, jomfrua som tittelen spelar på opptrer i særs begrensa grad i boka, og sjølv om ho var ei viktig brikke i maktspelet som utspelte seg så var ho ikkje i særleg monn utløysande eller avgjerande for hendingane som blir skildra. Drivkrafta for historia er maktsykje, og hovudpersonane er viljuge til å gå svært langt for å drive igjennom viljen sin.

Tittelen kunne like godt vært «Svik og bedrag i Norden», for heile historia er ein orgie i renkespel, løynlege alliansar, brotne lovnadar og omsynslaus egoisme. Dei tre kongane i Norge, Danmark og Sverige rundt år 1300, Håkon Magnusson, Erik Menved og Birger Magnusson, var om lag jamgamle, og bytta på å slå seg i lag tosaman for å krige mot den tredje. Når dei krakilske småbrørne til Birger også har lyst til å leike konge, så gjeng det over stokk og stein med alliansar, felttog, beleiringar, nedbrenning av heile landsdelar, og kappesnuing. For her er det mange som snur kappa etter vinden. Men innimellom kriginga så presterer pinadø dette persongalleriet innimellom å møtast til fest og muntert lag. Forstå det den som kan.

Skeie gjer ein framifrå jobb med å lage ei drivande god og leseverdig historie ut av det tilgjengelege kjeldematerialet. Det manglar ikkje mykje på at dette kunne vært ein roman, og det hadde vært fullt mogleg å føre den i pennen som nettopp det. Men Skeie er historikar, og hyppig bruk av fraser som «det var sannsynligvis» og liknande, samt ein og annan fotnoten i teksta, minner lesaren på at dette trass alt er sakprosa.

Ved sidan av å vere ei fascinerande forteljing om maktkampen mellom dei mektigaste personene i Norden rundt år 1300, så er boka også særs opplysande om korleis samfunnet fungerte på denne tida. Forfattaren løfter av og til også blikket, og set tilstandane i Norden inn i eit europeisk perspektiv. Det blir også synleggjort korleis den norske militære kapasiteten blir utdatert på denne tida. Alt i alt ei underhaldande og lærerik bok. Kan trygt anbefalast for alle som måtte ha det minste snev av interesse for historie.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken