Klassisk oppvekstroman frå tidlig 1900-talets Brooklyn, New York.
Her er det mykje smerte, meg også mykje varme. Vi følger houvedpersonen gjennom hennar oppvekst prega av mangel på pengar, mat og husvarme. Ho elskar bøker, les mykje, er generelt intelligent, og må sloss hardt for å få lov til å gå på skule. Vi får eit godt innblikk i korleis det var å leve på denne tida, kor mykje kvart øre betydde. Samstundes blir ein engasjert i karakterane og blir såpass glade i dei at det som skjer i boka blir meiningsfylt.

Eg vipper mellom 4 og 5 - rett og slett fordi boka, i min meining, ville vore endå betre med færre ord. Tenker dog at dette heng saman med tida boka er skriven; i starten av 1900-talet. Ser ikkje føre meg at kunsten å redigere ei bok den gong er like lett som no mtp det reint praktiske med tekstbehandling osv. Og så var kanskje den prefererte skrivestilen annleis den gong enn no. Men i min meining trekker unødvendige lange episoder ned - eg får mellom anna lite glede av å lese opptill TRE sider om ein sylteagurk; korlesi den ser ut, korleis den smakar, kva ho kosta, turen til butikken, turen heimatt osv... Og slike episoder fins det mange av i denne boka.

Dei første 50+-sidene var eg IKKJE begeistra. Eg syntes språket var altfor "mykje" (Igjen dette med for mange ord, ting som blir forklart med langt flerie ord enn strengt tatt nødvendig.) Eg tenkte og at dette var enno ei slik bok som "alle" elskar - alle utenom meg. (Som f.eks er tillfellet ved Lucinda Riley og Jojo Moyes sine bøker). Men så skjedde det noko (eg trur eg blei glad i karakterene, og genuint interessert i livene deirar) som fekk meg til å gløyme alt dette om "for mange ord" og alt anna som irriterte meg, og eg tok meg i å virkelig like denne boka.

Kort sagt: Boka veks på deg etter kvart som du leser. Dette er ei bok ein skal ta seg tid til å nyte, ikkje ein bok ein kan lese seg fort ferdig med. Dette er ei slik bok eg kan finne på å ta frem igjen om nokre år og lese endå ein gong - og slike bøker finst det ikkje så altfor mange av.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

AnneWangStine SevilhaugHarald KAnne-Stine Ruud HusevågElisabeth SveeLinda NyrudHenrik  Holtvedt AndersenLilleviTatiana WesserlingPiippokattaHeidiTanteMamieEline StenersenTine SundalHarald AndersenKirsten LundFrode Øglænd  MalminSynnøve H HoelHeidi LmarithcMonica CarlsenJohn LarsenBjørg RistvedtMarit HåverstadEirin EftevandHeidi BPilarisKjerstiKari FredriksenIngvild SPer LundBeathe SolbergIngeborg GKaramasov11MarenGladleserSigrid Blytt TøsdalKjell F TislevollKarin BergEllen E. MartolLars Mæhlum