Eg tok fram denne boka som eg fekk frå eit arveoppgjer ein gong, ville ha den som sengelektyre sidan eg ofte er så trøytt at det ikkje er så nøye kva eg les. Boka er så gammal at eg måtte til å tape ryggen på den, men innhaldet fortjente absolutt å bli lest! Enda med å fullføre den på dagtid.
Det er heilt utruleg kva folk vart dømde for, og ikkje minst så stod ikkje straffa i forhold til brotsverket sett med våre auge! Stakkars Eilert fekk livstidsdom for å ha stole ein hest som var tilbakelevert!
Eg er enig i at Kristiansen fortener å bli lesen også i vår moderne, digitale tid! Han skildrar tilhøva innanfor portane og menneska der med innsikt!
For meg var han heilt ukjend frå før.
Viser 1 svar.
Veldig artig man litt tilfeldig finner en ny forfatter, og det er full klaff!
Kristian Kristiansen er absolutt lesverdig, enig med deg i det. Så hyggelig at du likte boken.
Jeg kan også anbefale Jomfru Lide, begrunnelsen finner du her.
Jesper nattmann har jeg i hyllene, det blir nok tid for han også en gang.