Men på den andre sida så er det jo det. Heilt all right som eit utval. Flott og fint, tekster ein kan fundere på. Kankje medan ein sit i ein båt? For Odd Børretzen likte jo båtar, i det minste så likte han å skrive om at han likte båtar. Eller kanskje ikkje alle båtar, men i det minste sin eigen båt. Men utan forfattaren si røyst blir det ikkje heilt det same, på papiret må tekstane liksom segle sin eigen sjø. På den andre sida er der bilete. Det var dårleg med bilete på radioen og på grammafonplater kan det vere plass til nokre på omslaget, men i boka er det mange. Og teikningar, eg trur Odd Børretzen må ha likt å teikne. Men han likte ikkje måsar, det skreiv han fleire gangar. Eller meir presist, han skreiv at han hata måsar. Eg skaut ein måse ein gang i ungdomen, med hagle. Det var unødvendig av meg, det var ganske stygt, og eg angrar. Eg trur ikkje Odd Børretzen heller ville ha likt det. Sjølv om han hata måsar. Men livet har han tenkt ganske mykje på. Og han har satt mange fine ord på det. Livet altså. Og i denne boka.