Julie er 18 år, har ganske velståande foreldre, og brått har ho ikkje det lenger for dei omkjem i ei flyulukke. Ho mister totalt fotfestet og ynskjer berre å avslutte sitt eige liv. Boka er Julie sin dagbok, der ho gjer greie for kva ho tenker på, og kva ho tek seg til med om dagane. Og det er ikkje småtteri. Jammen flaks at Julie har arva så masse pengar, det ville vært mykje kjipare å vere suicidal utan såpass mykje økonomisk handlefridom.

Dette er Loe, og då er det naturlegvis ganske uhøgtideleg, og til tider også litt tøysete. Derfor greier eg aldri å ta forteljarstemma heilt, heilt på alvor. Men den sjølvironiske tilnærminga og blikket for det absurde minnar meg på mange måtar om Linnéa Myhre og måten ho skriv om sine eigne problem på. Ein kan derfor ikkje heilt avskrive Loe sitt val av tone i denne dagboka som urealistisk.

Eg har heldigvis aldri vært plaga med sjølvmordstankar sjølv, så det er vanskeleg for meg å vurdere korleis denne boka kan opplevast for nokon som faktisk har slite med dette. Vil den opplevast som respektlaus og flåsete? Eller berre som uaktuell? Eg vonar at i alle fall nokon kan oppleve det som befriande at tematikken kan luftast utan at det treng å vere traurig eller med ein terapeutisk tone (kva no enn det måtte bety)

Alt i alt ei brukbar bok. Alvorleg utan å vere heilt alvorleg, og med masse skråblikk på livet og på det å ikkje ville leve det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland Skjeggerud