I innleiinga gjer Fløgstad tydeleg greie for kva som er agendaen hans med denne boka.

I kulturkampen blir arbeidarklassen demonisert, borgarskapet frikjent for all skuld.

Dette vil Fløgstad gjerne gjere om på, og som ei motvekt gjeng han inn for å demonisere borgarskapet og frikjenne arbeidarklassen. Storparten av boka er vigd til dette.

Han startar med ei utstilling på Fagernes i 2013, med tittelen «Folkemusikk og Nazisme». Utgangspunktet var at folkemusikaren Ola Brenno var så uheldig å bli avfotografert saman med Heinrich Himmler, og at dette fotografiet blei nytta i Nazi-propagandaen. Dermed blei det ei slags oppfatning at det var ei slags kopling mellom folkemusikk og Nazisme. Men Fløgstad viser gjennom fleire eksempel at i den grad det var koplingar mellom nazismen og musikkmiljø så var det ikkje folkemusikken som var framtredande, men heller den høgkulturelle klassiske musikken. Altså borgarskapet sin musikk. (At kommunistveldet i Sovjetunionen dyrka den same musikkforma, i den grad dette måtte ha ein relevans for drøftinga, trur eg ikkje at Fløgstad har kommentert)

Og slik held det fram, med eit godt og interessant knippe av eksempel på koblingar mellom borgarskap og Nazisme. Mellom anna er Fløgstad ganske opprørt over at framståande nazistar fekk halde fram i framståande samfunnsroller etter andre verdskrigen. Mykje av denne tematikken er for øvrig bakgrunnen for ein del av handlinga i tre av dei siste romanane hans, Grense Jakobselv, Nordaustpassasjen og Magdalenafjorden (eg har berre lest dei to siste, enno).

Fløgstad sveipar også innom andre tema enn koplingar til Nazismen, mellom anna er han innom Utøya-massakren, og peiker på at Breivik sin agenda som «Marxist hunter» blei nedtona i media. Alt i alt er det mange gode og tankevekkande betraktningar i boka. Eg mistenker på ingen måte Fløgstad for å vere nøytral i drøftingane sine, og det påstår han heller ikkje sjølv. Men for dei som vil gå Fløgstad etter i saumane, så har han vært særs nøye med referanser til kjeldene sine. Lukke til!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethPiippokattaAnneWangCecilie EllefsenritaolineLena Risvik PaulsenRisRosOgKlagingIngunn SEivind  VaksvikRufsetufsaTorill RevheimHarald KVegardKirsten LundSigrid Blytt TøsdalSynnøve H HoelLene AndresenMorten JensenJarmo LarsenAnne Helene MoeSolveigLilleviKjerstiReidun SvensliMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterToveBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakim