Tredje og siste boka i historia om Katniss Everdeen. Ho har kome seg levande ut av Hunger Games to gangar, og har blitt eit symbol for motstanden mot dei undertrykkande styresmaktene i Capitol. No er ho i det 13. distriktet, opprørsdistriktet som offisielt ikkje eksisterer, og prøver å finne ut av kva ho skal gjere vidare. Når ein av beilarane hennar, Peeta, har blitt hjernevaska og prøver å ta livet av henne så gjer det ikkje situasjonen enklare.

Det ligg i korta at det må bli væpna kamp mot Capitol, og det ligg i dei same korta at Katniss kjem til å ha ein rolle. Men det blir på ingen måte vakkert, ærerikt eller tilfredsstiljande. Det blir berre fælt. Slik sett meiner eg at Collins har gjort eit greit val i retninga ho utvikla historia i; ei væpna konflikt skapar taparar på begge sider.

Boka var på ingen måte så fengslande som den første boka i trilogien. Men heldigvis så skil den seg vesentleg ut frå nummer to, som var litt for mykje repetisjon av den første. Tonen i Mockingjay blir etter kvart ein del mørkare enn i dei to førre bøkene, og alt som har skjedd har også satt preg på hovudpersonen. Kan ein siger koste for mykje? Det kjem nok an på kva ein kjempar om, og så får lesaren døme om det kosta for mykje i Katniss sitt tilfelle.

Grei bok, for den som eventuelt måtte lure så vil eg anbefale å lese dei to første bøkene i serien før ein eventuelt tek fatt på denne. Eg trur ein vil miste litt for mykje av bakgrunnen dersom ein les denne uavhengig av dei to andre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Geir SundetgretemorsiljehusmorIngeborg GPiippokattaJakob SæthreCarine OlsrødFredrikAnne-Stine Ruud HusevågVioleta JakobsenFriskusenRunePi_MesonTonesen81Kirsten LundJoakimToveAud Merete RambølHilde H HelsethMarenJane Foss HaugenTom-Erik FallaBeathe SolbergEllen E. MartolAlice NordliCecilie69Kikkan HaugenIrakkBirkaConnieHilde VrangsagenSolveigJarmo LarsenBjørg Marit TinholtKaramasov11Cecilie EllefsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNorahAnniken RøilMonica Carlsen