Tittelen burde eigentleg bety «lilla jord». Men i følge portugisisk wikipedia skriv namnet seg frå italienske immigrantar som jobba på kaffiplantasjar og omtala jordsmonnet der som «raud jord», eller «terra rossa» på italiensk. Namnet festa seg, men blei til «roxa» på portugisisk.

Grunnen til at eg bryr meg om å kommentere dette, er at Michelet sikkert har hatt ein tanke med å velge akkurat denne tittelen på boka. Sosial skjeivfordeling og vald er eit underliggande tema i boka, og ein kan tenke seg at tittelen spelar på at jorda er raud av blod. Samstundes er Michelet sin politiske ståstad ganske godt kjend, og det kan også vere at tittelen viser til kva slags politisk rørsle Michelet meiner bør stige opp av denne jorda.

Åkkesom. Hovudpersonen og forteljarstemma i første person i boka er Bjørg, ein ung misjonærprest på oppdrag i Brasil. Ho er både tøff og sårbar på same tid; tøff fordi ho har lært seg å hevde seg i eit macho-samfunn, sårbar fordi ho bryr seg om andre. Det blir utfordrande å drifte ei sjukestove på ein utpost i skogen, og samstundes orientere seg i ein konflikt der mellom anna ein mektig jordeigar og eit indianarsamfunn er involvert.

Boka er krydra med detaljar som gjev tillit til at Michelet veit kva han skriv om. Miljøet er veldig godt skildra. Eg har vært ein del i Brasil sjølv, dog på ein annan kant av landet og i langt hyggelegare ærend enn Bjørg, men likevel var det lett å kjenne seg att i mange av desse detaljane. Og for den som ikkje har særskilt interesse av å lese om Brasil, eller om urettvise samfunnstilhøve, så kan eg anbefale boka for Bjørg sin del. Interessant og samansatt dame, som eg kjem til å hugse ei stund.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Heidi LKaren RamsvikVanja SolemdalMarius Park PedersenKirsten LundBeathe SolbergReidun SvensliJulie StensethBente NogvaPiippokattaTine SundalMarit HøvdeV. HulbackGunillaHilde H HelsethAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenEivind  VaksvikRonnyLailaBård StøreLars MæhlumMcHempettG LToveOdd HebækRune U. FurbergReadninggirl30IngeborgBeate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad WøienInger-LisejunieJohn LarsenFredrikDemeter