Splitte mine bramseil, dette var ei positiv overrasking. Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta av denne boka, som er Joshua Slocum sin forteljing om korleis han bestemte seg for, og gjennomførte, ei jordomseiling i seilbåt. Aleine. I 1895/96/97/98. I tillegg til å vere flink til å segle, var Slocum også brukbart flink til å skrive. Han makta å gjere det som lett kunne blitt ei oppramsing av stadar og hendingar til eit levande eventyr. Enkelte gangar var det nesten som om ein sjølv var med på reisa.

Der var mange imponerande skildringar undervegs. Kanskje var det strevet med å runde Kapp Horn som gjorde størst inntrykk på meg. Mange av møta med folk undervegs på turen var også interessante å lese om. Men totalt sett er så klart den største bragda sjølve det å gjennomføre reisa, å navigere jorda rundt på eiga hand med sparsame hjelpemidlar.

Eit artig poeng for dei som måtte ha lest Judith Schalansky sin populære bok Atlas over fjerne øyer er at Slocum vitja fleire av desse øyene på reisa si. Det var kjekt med eit attersyn i denne boka. Eg høyrde den forøvrig som lydbok frå Loyalbooks, eg vil takke opplesaren, som gjorde ein strålande jobb, for å ha tatt meg med på denne fantastiske turen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Eileen BørresensveinAnne-Stine Ruud HusevågritaolinesomniferumEgil StangelandHarald KLinda NyrudAgnete M. HafskjoldNorahLailaKirsten LundMarit AamdalReadninggirl30Dag AndreasHanne Kvernmo RyeNtotheaMarianne  SkageTheaMarianneNMads Leonard HolvikCathrine PedersenAnn ChristinRufsetufsaTor-Arne JensenNicolai Alexander StyveTanteMamieGrete AastorpCarine OlsrødVannflaskeCamillatuhamreConniePiippokattaKjetilTone SundlandLeseaaseKnut SimonsenSynneMLene Andresen