Eg er svært begeistra for språket, og for fleire av refleksjonane. Men trass i det blei eg lei. Den lilla boka på knappe 90 sider blei ganske så lang for min del då det er lite handling og mykje prat. Innser at det gjerne er litt av poenget, men for min del blei dette rett og slett for flatt. Sakna spennibgskurve og utvikling av historia. Sakna sant og seie historie i det heile tatt. Dette var meir som ein lang oppramsing av hovedpersonens tankar og kvardag. Heldigvis skrive på flott språk, ol ikkje anna. Vurderte å trille ein firer, for det er mykje smarte og artige formuleringar her som har fått meg til å trekke på smilet, og gruble litt over all slags småting i livet. Likevel blir rett og slett handlinga for tynn, sytest eg
Godt mulig det berre er eg som er gretten, men når eg higer etter å bli ferdig med ei bok berre for å kunne finne ei anna, så får eg meg ikkje til å gje høgre terningkast enn tre. Tre pluss, sidan språket trekker veldig opp.