Salamanderkrigen er ei bok som vil sitte i minnet lenge!
Romanen er spesiell - både i form og innhald, med alle sine originale sjangervariasjonar og illustrasjonar.
Romanen er tredelt:
I del ein møter vi den litt forunderlege kapteinen Van Toch som oppdagar ein heilt spesiell art av salamander. Det viser seg nemleg at dei på mange måtar kan sidestillast med menneske, dei kan både tenke og kommunisere. Van Toch ser muligheitene, han lærer dei opp til å finne rikdom for seg.
I del to blir det meir konfliktar mellom dyr og menneske. Salamandrane vert utsette for grusomme esperiment av naturvitskapsmenn, og sidan dei er så dyktige å finne perler- og med det rikdom- så vert dei selde som slavar. Men - med skulegang og lærdom innanbords, så blir salamandrane ganske så kravstore etterkvart. Og dei formeirar seg utanfor all kontroll. No er det dei som vil kontrollere verda!
I del tre kjem så krigen. Sidan landområda på jorda vert berre mindre og mindre fordi salamandrane treng meir kyst enn land, så er kamp einaste løysinga - katastrofen er eit faktum!
Det har vore interessant å delta i lesinga av ei bok som eg før visste lite om. Capek såg alt i 1936 faren i framveksande nazisme. Boka er ein allegori over alt det forferdeleg som skulle ramme Europa.
Så derfor: Takk til Ajiniakra som starta denne felleslesinga juli 2016! Det har vore givande!
Viser 1 svar.
Leste denne for 20-25 år siden og den sitter faktisk fortsatt. For meg var det kanskje formen med sjangerversjonene og illustrasjonene som gjorde mest inntrykk den gangen, i og med jeg ikke var fylt 20 klarte jeg ikke å se noen sammenheng mot nazismen, jeg dro den gangen paraleller til slavehandelen og bruken av slaver på bomullsplantasjene i USA (sikkert godt påvirket av at jeg leste Røtter - også en bok jeg kunne tenke meg et gjensyn med, men det er så mange spennende bøker! :) )