Vi følger to karakterer i denne boka - Molly på 17 og ei gammal dame, Vivian, på 91. Dei treffer kvarandre då Molly får samfunnsstraff og soner timane sine ved å hjelpe Vivian å rydde på loftet. Vi følger Molly i no-tida; hennar konfliktar med fosterforeldrene, skulen og kjærasten. No-tids handlinga brytes opp av tilbakeblikk/innblikk i Vivians oppvekst, og vi oppdager at dei to vidt forskjellige karakterane har ein del til felles likevel.

Sjølv om historia er god, satt eg med ei kjensle av å ha høyrt det før. Ikkje akkurat denne historia, men noko liknande. Trøblete tenåring treffer ein karakter som tilsynelatende er hennar reine motsetning, for deretter å vise seg å ha ein del til felles likevel. Og den tøffe tenåringen er ikkje egentlig så tøff, men har satt opp ein tøff fasade, og allereie no vil eg skrive "blablablabla...." så dette er brukt opp så til dei grader i andre bøker. Likevel likte eg jo boka...så det er ikkje heilt bom sjølv om det ikkje er nytt og uforutsigbart. Det som trekker litt opp for min del, er at eg fekk lært litt om både Irland og USA, og korleis det faktisk var på denne tida - historie fortalt via fiksjon kan gå begge veger: det kan bli belærande og treigt, eller det kan tilføre boka verdi. Her er det utvilsamt sistnevnte som teller.

Eg høyrte denne på lydbok og likte ikkje så godt fortellerstemmen, dessverre ... så det er kanskje mulig at eg ville hava på ein firar om eg hadde lese boka sjølv, men det er slett ikkje sikkert. Eg likte boka, eg tok meg sjølv i å gå omveger heim frå jobb for å høyre litt ekstra, så dette er absolutt ei leseverdig bok. Ein sterk trear, altså.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Mats L.Harald KHanne MidtsundAlice NordliToveHelge-Mikal HartvedtWenche VargasIreneleserWencheTor-Arne JensenKirsten LundCathrine PedersenTorill RevheimJørgen NEivind  VaksvikHanneRufsetufsaTanteMamiePiippokattaJoannJoakimKjersti SVibekeEllen E. MartolElisabeth SveeKjell F TislevollMads Leonard HolvikGro-Anita RoenMalinChristofferJulie StensethVannflaskegretemorRandiAStig TAnne Berit GrønbechTone SundlandBeathe SolbergSynnøve H HoelStine Sevilhaug