III Gullgruvene
Kapitlet begynner med ei oppsummering av forholdet mellom Grusjenka og den sjalu Dmitrij. Interessant for den litterært interesserte lesaren er forteljaren si framstilling av Aleksander Pusjkins Othello, kanskje den mest kjende sjalu mannen i bokheimen.
Vår mann Dmitrij pantsett pistolane sine i den desperate jakta på pengar. Etter å ha vorte fortald at Smerdjakov er sjuk etter eit epilepsianfall og at Ivan har reist til Moskva, går Dmitrij til fru Khokhlakova for å låne pengar, men ho vil ikkje låne ut noko. Ho nemner, i samband med diskusjonen om frigjeringa av kvinnene, at ho har skrive til forfattaren Sjtsjedrin, som var ein faktisk person i Russland. Ute får han vite at Grusjenka ikkje lenger er hos Samsonov. Han tek ein messingstøytar og pådreg seg dermed mistanke for det som seinare skal skje: «Å Gud, han vil ta livet av noen!» seier fru Khokhlakova, eit grep som jo skal føre lesaren på villspor.
Viser 1 svar.
Men dette med gullgruvene er litt uklart ...