I.2.VI Hvorfor er et sånt menneske i live?
Sjelegranskaren Dostojevskij beskriv, gjennom forteljaren, Dmitrij Fjodorovitsj like nøye som ein naturalist ville gjort. Denne Karamasov-broren er prega av rangling og har ein «splittet og ubalansert natur». Når han skal forklare korfor han kom så seint, får vi for fyrste gong høyre om Smerdjakov, «fars tjener».

Diskusjonen held fram mellom Ivan Fjodorovitsj og Pjotr Aleksandrovitsj Miusov, som fortel ei historie om Ivan; han skal ha sagt at «om man utryddet menneskehetens tro på udødeligheten, ville ikke bare kjærligheten, men også all livskraft forsvinne med en gang» - «da ville det ikke lenger være noe som var umoralsk, alt ville være tillatt» (s. 88). Er vi her ved ein kjerne hos Dostojevskij? Spørsmålet om kva livet ville vere utan Gud?

Dmitrij tek opp att, nesten ordrett, men ikkje heilt, noko av det Miusov tillegg Ivan: «for et slikt menneske måtte ikke bare egoismen bli tillatelig, - den måtte til og med erkjennes som nødvendig, som den nødvendigste og forstandigste utvei for alle gudløse mennesker».

Fjodor Pavlovitsj samanliknar Ivan med Friedrich Schillers rollefigur Karl Moor i Die Räuber (frå 1781), mens Dmitrij blir, i farens auge, ein Franz Moor. Eg har faktisk ikkje lese stykket, men skal vi tru Friedrich-Schiller-Archiv, er det lett å finne parallellar. Schiller skreiv sjølv:

'Ein fränkischer Graf, Maximilian Moor, ist Vater von zween Söhnen,
die sich an Charakter sehr unähnlich sind. Karl, der ältere, ein
Jüngling voll Talenten und Edelmut, gerät in Leipzig in einen Zirkel
lüderlicher Brüder, stürzt in Exzesse und Schulden, muss zuletzt mit
einem Trupp seiner Spießgesellen fliehen.'

Og Schiller-arkivet held fram:

Sein jüngerer Bruder Franz lebt noch beim Vater. Er ist ein heimtückischer und schadenfroher Charakter und versucht, seinen Bruder bei seinem Vater in Verruf zu bringen, seine Braut Amalia für sich zu gewinnen und den Vater zu vernichten, um selbst an die gräfliche Macht zu gelangen. Durch die Fälschung eines Briefes sorgt Franz dafür, dass ein Bruder Karl enterbt wird.

Faren kritiserer livsførselen til Dmitrij, pengeforbruket og kvinnehistoriene hans - «bryr du deg ikke om min faderlige velsignelse?». Jo, parallellen med Dævel-Didrik hos Duun er slåande…

Dmitrij slår tilbake: «Og nå klager De over at jeg er svak for denne kvinnen som De selv har oppfordret til å lokke meg i sine garn!» Under krangelen roper Dmitrij det som er tittelen på kapitlet: «Hvorfor er et sånt menneske i live?». Fjodor Pavlovitsj kaller Dmitrij «fadermorder». I samtalen blir det referert til kvinna «som levde eit syndefullt liv» (Luk 7) som fekk syndene sine tilgjevne:

Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.» Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» Då tok dei andre gjestene til å
tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»

Starets Sosima bøyer seg i støvet for Dmitrij, og Pjotr Aleksandrovitsj vil bryte med Fjodor Pavlovitsj. Så ber det til middag hos abbeden. Miusov tenkjer at Ivan er ein «tykkhudet fyr med karamasovsk samvittighet». Ingen karakteristikk å fryde seg over.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg tror du vil finne dette essayet av Jostein Børtnes interessant.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KNicolai Alexander StyveBård StøreAlice NordliAnniken LKirsten LundEmil ChristiansenSteinar HansenToveTor-Arne JensenEileen BørresenMarianne  SkageBenedikteMartinEster SRufsetufsaBjørg L.Bjørg RistvedtTanteMamieVariosaCecilie69Dolly DuckNeraHilde Merete GjessingPiippokattaKetilVanja Solemdalingar hSiljeKristine LouiseSynnøve H HoelBeathe SolbergSolTatiana WesserlingHilde H HelsethArne SjønnesenGroMonica CarlsenGrete AastorpEirin Eftevand