Flott bok om fattige svenske bønder som finn ut at dei vil reise til Amerika og freiste lukka der. Forteljinga startar nærmast dokumentarisk, men så kjem ein gradvis inn i livet til bonden Karl Oskar Nilsson på Korpamoen, til kona hans Kristina og til resten av familien. Ein blir også kjend med bakgrunnen til eit lite knippe andre komande Amerika-fararar.

Handlinga gjeng føre seg i soknet Ljuder, i Småland, på 1840-talet. Grunna veksten i folketalet har gardane blitt oppstykka i mindre einingar, og no er det mange som har så lite jord at det er vanskeleg å livberge seg. Mange må ta opp lån for å greie seg, og i dårlege år er det uråd å skrape saman midlar til å betale renter og avdrag, tvert om må ein heller ta opp meir lån for å ikkje svelte ihel. Når enkelte får nyss om at det er enkelt å få seg jord i Nord-Amerika er det ikkje rart at det blir freistande å reise.

Det heile er fortalt i eit enkelt og likefram språk. Likevel klarar forfattaren å skape fin variasjon i teksta. Dels ved at fokuset vekslat mellom ulike personar, dels ved innslag av nær dokumentariske opplysningar, og dels ved eit par andre litterære grep. Dette er første bind i ei bokklubben-serie på åtte bind (Moberg gav den ut som ein tetralogi). Historia ser ut for å vere fengande og lettlest nok til at eg kjem til å lese heile.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Harald KHanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveBjørn SturødCathrine PedersenLogikaPiippokattaKaramasov11Agnete M. HafskjoldAkima MontgomeryTine SundalalpakkaAnniken LHeidi BHilde VrangsagenBeathe SolbergAnn ChristinSilje-Vera Wiik ValeHilde H HelsethBente NogvaKari FredriksenKirsten LundFindusHanne Cathrine AasMonica CarlsenSynnøve H HoelSiriStig TLars Johann MiljeHildaDaffy EnglundmgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MChristofer GabrielsenTanteMamieAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJB