Jaudå, Oksanen skriv bra. Det er eit par-tre år sidan eg vart merksam på denne forfattaren (på Bokelskere, sjølvsagt), og eg har gleda meg veldig til å lese noko av ho.

Språket er framifrå, og historia er veldig fint bygd opp. Handlinga er i Estland, mykje av historia er lagt til tida rundt andre verdskrigen og nokre bolkar ligg eit par tiår lenger fram i tid. Overskrifta til kvart kapittel er staden handlinga er lagt til, statusen til det estiske territoriet (som skifta hyppig i denne tida) samt ei frimerke-liknande teikning med årstalet for hendinga. Dermed blir det lettare for lesaren å få med seg spranga i tid og i styresmakter i løpet av boka.

Resten er ikkje fullt så enkelt. Boka skildrar eit kjærleiks- og familiedrama samstundes som den skildrar Estland sin lagnad som ein kasteball mellom krigande stormakter, og kva det gjorde med menneska der. Handlinga er i og for seg ikkje så innfløkt, men det kjem stendig henvisningar til historiske personar, hendingar, stadar og organisasjonar som ein truleg må vere estlendar eller ha særleg interesse for estisk historie for å kunne knyte dei assosiasjonan til som forfattaren legg opp til. Først mot slutten av lesinga oppdaga eg at der er ei ordliste heilt bakerst som forklarar enkelte av desse namna, men langt frå alle. Denne mangelen på kunnskap om estisk historie var nok det som gjorde at eg fekk kjensla av å aldri kome heilt inn i handlinga i boka.

Likevel, eg er på ingen måte uviljug til å lese fleire bøker av Oksanen i framtida. Faktisk er eg såpass viljug at eg handla inn Utrenskning på bokklubb-sal for litt sidan. Eg gleder meg til denne også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Vidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorah