Kanskje ei av dei bøkene som har gjort mest inntrykk på meg, sidan det er snart 20 år sidan eg las den, og framleis sit den i meg. Det har nok mykje å gjere med stemninga i boka, og det groteske i heile marsjen.
100 gutar startar på ein marsj, der dei blir skutt ein etter ein. Etterkvart er det kameratar som blir skotne, og alvoret i det dei har blitt med på går opp for dei.
Eg huskar ikkje korleis det enda, men berre konseptet er for meg så skremmande at det sit igjen som ei fleirsidig leseoppleving. Så vidt eg huskar var boka godt skreva, og du hadde lyst til å lese vidare, sjølv om du frykta det som kunne og ville komme.
Det blir litt som når eg les bøker med handling frå åra før og under 2. verdskrigen; eg sit og håpar så inderleg at det skal gå annleis enn det gjorde, men taper mot historia kvar gong.
Stephen King er og blir min favorittforfatter. Men jeg har ikke lest noen bøker under hans andre navn; Bachman. Så denne skal jeg prøve å få tak i og få med meg. Takk for tips:) Min favorittbok av ham er Pet Sematary:)