Det blir lesesirkelbøker i helga. gretemor-lesesirkelboka Syv fantastiske fortellinger av Karen Blixen er i posten, eg reiknar med den er framme i morgon. For dystopi-lesesirkelboka Menneskebarnet så ligg eg litt foran planen, men eg kjem nok til å lese 5-10 kapittel i helga likevel.
Vidare har eg starta på Sofi Oksanen sin Da duene forsvant. Har lest berre to kapittel enno, og slit litt med å kome inn i handlinga. Ein får tru det gjeng betre etter kvart.
Det blir eit par bilturar i helga, for meg er dette synonymt med lydbøker. Då blir eg nok ferdig med Just So Stories av Rudyard Kipling, og tek fatt på The Man Who Was Thursday av G.K. Chesterton (som sikkert er best kjend for Father Brown-historiene)
Det ligg altså an til ei strålande helg. Nemnde eg at eg skal gå litt på ski også? Eller at eg skal dra på gjeterhundtrening ei økt eller to? Eller at eg skal ta med familien på restaurant på søndag? Jau, eg gjorde visst det nett no.
God helg!
Viser 1 svar.
Høres ut som du er heldig om du får lest noe i hele tatt :-)