Det er nok eit vidt spekter i forventningar og tilnærmingar til ein slik diskusjonstråd. Det ville jo vere ryddig å vente med diskusjonar til alle er ferdge med å lese, men for min del ligg mykje av moroa nettopp i å dele tankar og observasjonar undervegs. Vidare meiner eg at dersom ein skal avgrense innlegg til å ikkje handle om handlinga, så stend ein att berre med litt mindre interessante meiningsutvekslingar om kor godt eller dårleg ein liker boka, språket, fargen på omslaget o.l.

Dersom alle las i same tempo ville ein sjølvsagt unngå å spoile for einannan. Men det er nok litt utopisk (motsatt av dystopisk, altså) å vente at dette skal passe for alle. Derfor har eg følgende tankar om kva ein kan gjere:

Leseperioden er på 32 dagar, Forteljinga er 390 sider lang, og inndelt i 72 kapittel av litt varierande lengde. Dette tilsvarer 12,2 sider pr dag, alternativt 2,25 kapittel pr dag. Eg vel å kalle lesing i dette tempoet for ein "lineær leseplan". Dersom ein hadde lest i eit jevnt tempo gjennom heile perioden, ville ein i dag ha lest omlag til side 79, alternativt til midtvegs i kapittel 14 som blir side 87. Inntrykket mitt er at alle les noko fortare enn dette.

Forslaget mitt er at ein tillet diskusjonar om handlinga fram til dit ein har kome i den lineære leseplanen, altså at t.d. i dag mandag 18/1 kan ein diskutere handlinga fram til ca side 79, i morgon fram til ca side 81, osv. Dersom eg har rett i antakinga mi om at alle les raskare enn den lineære planen, vil vi kunne ha detaljerte diskusjonar om handlinga undervegs utan at det blir spoiler for nokon av deltakarane.

Eg ventar ikkje at alle skal vere samde i dette. Kanskje er ingen samde? Men sjølv så er eg ganske nøgd med forslaget.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Det var fiffig,og jeg liker fiffig, men blir det litt komplisert, tro?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dersom ein legg opp til millimetergrannsemd, slik som eg nytta i eksemplet, blir det nok i overkant komplisert, ja. Då måtte ein i såfall poste ein dag-for-dag leseplan med sidetal. Men det gjeng kanskje an å gjere det litt enklare etter same prinsippet? Eks. vent til første veke er over med å diskutere handlinga i første fjerdedel, vent til andre veke er over med å diskutere handlinga i andre fjerdedel, etc.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Enig med Ajiniakra og deg, Jostein. Et sånt opplegg tror jeg kan være greit for flere (?)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det synes jeg er en veldig god idé! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Høres greit ut :) Men kan vi fremdeles diskutere lenger fram om vi bruker "spoilerknappen" som skjuler innholdet?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For meg spelar det ingen rolle. Men eg tipper mange vil setje pris på om spoileren ikkje kjem i første setninga. Starten av innlegget visest jo på hovudsida uavhengig av om ein trykker på spoilerknapp eller ikkje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

gretemorsiljehusmorIngeborg GPiippokattaJakob SæthreCarine OlsrødFredrikAnne-Stine Ruud HusevågVioleta JakobsenFriskusenRunePi_MesonTonesen81Kirsten LundJoakimToveAud Merete RambølHilde H HelsethMarenJane Foss HaugenTom-Erik FallaGeir SundetBeathe SolbergEllen E. MartolAlice NordliCecilie69Kikkan HaugenIrakkBirkaConnieHilde VrangsagenSolveigJarmo LarsenBjørg Marit TinholtKaramasov11Cecilie EllefsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNorahAnniken RøilMonica Carlsen