Forteljarstemma i boka er Cal, ein hermafroditt som fortel livssoga si. Men han fortel mykje meir enn det. Han startar med besteforeldra sine, anatolske grekarar som flykta frå krigshandlingar i Tyrkia til USA tidleg på 1920-talet. Vidare fortel han om foreldra sin oppvekst i Detroit, før han tek fatt på sin eigen oppvekst som jente. Det blei nemlig ikkje oppdaga at han var hermafroditt før han kom i puberteten. Det heile blir stykka opp av små rapportar frå hendingar i livet hans i notid.

Og det er enno meir. Det er ikkje berre ei forteljing om familien hans, det er også ei forteljing om dei anatolske grekarane og særleg om byen Smyrna (som no heiter Izmir), ei sosial og industriell historie for Detroit, og om det å vere innvandrar, eller barn av innvandrarar. Boka er spekka med referansar til historiske hendingar undervegs, og gjev i tillegg ein truverdig tidskoloritt frå dei ulike tidsepokane. Seksualitet er naturleg nok eit tema som dukkar opp, og tittelen på boka spelar på den genitale tilstanden til hovudpersonen.

Eugenides virkar å vere ein forholdsvis kunnskapsrik person, og ein blir presentert for mange faktaopplysningar undervegs. Nokre er nok tillempa og/eller oppdikta, det kan vere krejvande for lesaren å skilje mellom fakta og fiksjon. Språkleg var den litt over midt på treet. På ingen måte tunglest, men det var likevel parti som ikkje flaut så lett. Om dette skuldast forfattaren, oversetjaren eller lesaren er ikkje så godt å seie.

Eg las denne saman med gretemor sin lesesirkel, det var som vanleg artig med diskusjonar undervegs. Og spesielt når boka er såpass interessant som dette.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

HegeIngunn SMarianne  SkageToveNina M. Haugan FinnsonToneSolveig StrandLilleviLabbelineGrete AmundsenRonnyTove Obrestad WøienPiippokattaMarteEllen E. MartolFride LindsethKirsten LundAkima MontgomeryReidun VærnesNabodamaLene AndresenAmanda APirelliRandiAFrode TangenTonjeEivind  VaksvikAvaIngunnJWenche BrohaugVibekeReadninggirl30John LarsenKarin BergTine SundalrubbelAnneWangTatiana WesserlingBente NogvaIrakk