Eg er bibliotekar, mor til ein gut med Asperger, og les ein del, og no har eg nett drege med meg heim boka Åstedet av Jodi Picoult (Cappelen Damm 2011). Eg les ikkje "vaskeseddelen" (det som står på baksida av boka; ofte ei lita oppsummering av kva boka handlar om) lenger, så eg vart overraska då det viste seg at ein av hovudpersonane var ein gut, Jacob, på 18 år med Asperger syndrom. Boka er oppdelt i små kapittel, der overskrifta i kvart kapittel er namnet på den som er eg-person i dette kapittelet. Det vekslar mellom Jacob sjølv, mor hans, bror hans og andre personar som familien har med å gjere gjennom handlinga. Ein av dei tinga eg liker best ved boka, er nett det at eg-forteljaren skiftar. På det viset får vi Jacob sin versjon av ein situasjon (som eg tykkjer verkar truverdig) i eitt kapittel, før vi kanskje får mor hans sin versjon i det neste (også foreldrestemma verkar truverdig).

Jacob si særinteresse er politiet sitt arbeid når det har skjedd ei kriminell handling. Dette fører han nokre gonger inn i vanskelege situasjonar.

Forfattaren har gjort ein svært god research før ho skreiv, for boka er svært godt skriven, tykkjer eg. Eg finn gjenkjenning av fleire sortar, både av den såre sorten (når det gjeld tankar og val ein gjer som foreldre til eit barn med AS) og av meir aha-opplevings-messige sorten (sonen min er 14 år og har AS, og eg opplever at eg gjenkjenner nokre av Jacobs måtar å reagere og får ei forklaring på dei som eg ikkje har skjøna tidlegare). Jacob har Asperger syndrom, men ikkje alle menneske med Asperger syndrom vil reagere på same måten som Jacob. (Har du møtt ein person med Asperger syndrom, så har du møtt EIN person med Asperger syndrom.) Til dømes har Jacob ein god del meir synleg tvang enn sonen min har. Likevel finn eg store likskapar. Sjølv har eg tenkt å anbefale boka til slekt og venner som kanskje ikkje har lese seg så mykje opp på diagnosen på førehand. Her får dei nemleg god forklaring på særtrekk ved Asperger syndrom, og i skjønnlitterær form, noko som kan vere enklare å forhalde seg til enn ein fagtekst. Men om du tenkjer å gjere det same - les for all del boka først sjølv!

Dette er ikkje nødvendigvis lysteleg lesnad. Eg vil ikkje skrive noko meir om innhaldet i boka, for eg liker ikkje sjølv å vite for mykje om ei bok før eg les henne, men dette er ikkje ei bok ein bør lese som AS-forelder om ein er nede i ein bølgedal der alt kjennest håplaust, trur eg. Fin lesing for dei optimistiske og håpefulle dagane.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Synes du virkelig denne var godt skrevet? Den har masse fakta om AS, men særlig godt skrevet synes jeg ikke den er. Siden du virker interessert i diagnosen, kan jeg anbefale deg Langt fra stammen som tar for seg blant annet denne diagnosen gjennom masse intervjuer og fakta, sett gjennom øyne til foreldre til barn med AS. Den er drivende og fascinerende skrevet. Jeg leste den i høst og vet derfor litt om diagnosen og kanskje derfor ble det i overkant mye info i Åstedet som kom i veien for selve historien, ikke så godt flettet sammen for å si det med andre ord. Jeg synes jo at en roman skal være en fortelling, ikke eksempler på hvordan en person med diagnosen kan komme til å reagere i ulike situasjoner. Så jeg synes ikke det var godt skrevet, men var ganske karikert og klisjefylt gjennom de 250 sidene jeg til nå har lest. Det blir litt stakkato når personene som snakker i hvert kapittel til dels repeterer det som allerede er nevnt, flyten forsvinner. Dette kunne vært gjort mer elegant.

Men; boken er lettlest og til tross for innvendingene mine er det en behagelig bok å lese i den forstand at den ikke byr på motstand og krever ingenting av leseren. Noen ganger er en sånn bok akkurat det man trenger.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så flott at ei bok om en gutt med Asperger skrevet av Jodi Picoult kan være en hjelp for foreldre som også har slike barn.
Jeg syns hun ofte skriver helt fantastisk godt om veldig intrikate problemer og om personlige og sosiale relasjoner.
Jeg er så enig i det du skriver her. Helt klart er det mange forskjellige Asperger-barn. Ingen er like. Men jeg følte også at Jacob ble veldig virkelig mens jeg leste boka. Må nevne at jeg også har vært borti Asperger syndrom i forbindelse med jobb.
Boka hjelper oss til å forstå litt mer av reaksjonsmønsteret til slike mennesker.
Lykke til videre, med interessant lesning og med gutten din!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk! Eg har også lese fleire bøker av forfattaren tidlegare og likt dei godt, det var derfor eg tok med meg denne. Men det var lenge sidan, så eg må visst oppdatere meg på det ho har skrive dei siste åra.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTonje-Elisabeth StørkersenBjørg RistvedtStig TFriskusenElin SkjerengKristine Louiseingar hIngunn SLailaEivind  VaksvikTrygve JakobsenLisbeth Marie UvaagEmil ChristiansenMarianneNBjørg L.Karin BergSverre HoemBjørg Marit TinholtKaren PatriciaVigdis VoldIreneleserBeathe SolbergMarianneJulie StensethMonica CarlsenHeidi LMonaBLKristineTine SundalGunillaReadninggirl30Grete AastorpPiippokattaKari ElisabethAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. Furberg