I likheit med den førre boka er dette ein serie småpoetiske fraser, ytringar og ordspel, stort sett om kjærleik, som er tekna ned på serviettar. Teikna, ja, ikkje skrive. Og nettopp teikningane er det som først og fremst gjer det verst å lese igjennom boka. Pedro Gabriel har tileigna seg ein særeigen kalligrafi som det tidvis tek litt tid å tolke. Han lagar også ganske ålreite og fantasifulle teikningar som som oftast stend godt til tekstane.

I den førre boka var det ein viss samanheng mellom tekstane, slik at dei til ein viss grad fortalte ei samanhengande historie. I denne boka fann eg ingen slik samanheng. Nytt i denne boka er at der også er nokre litt lengre tekster, trykt med vanleg skrift. Utan kalligrafien forsvinn magien, desse lengre tekstane vart stort sett berre meiningslaus søtsuppe.

Alt i alt tykte eg denne boka var eit lite hakk svakare enn den første. Men på ingen måte bortkasta tid.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Monica CarlsenRufsetufsaElisabeth BækkenKristine LouisePiippokattaYvonne JohannesenHanne Cathrine AasGodemineEivind  VaksvikG LSigrid Blytt TøsdalHildeBjørn SturødKirsten LundTanteMamieVidar RingstrømNora FjelliTore HalsaSynnøve H HoelKristin_Beathe SolbergLene NordahlJulie StensethLars MæhlumEvaV. HulbackStig THegeMorten JensenBjørg Marit TinholtjunieSissel ElisabethLilleviTine SundalmgeSigrid NygaardKjell F TislevollBjørg L.MarenLaila