Oryx og Crake er den første romanen i den sokalla MaddAddam-trilogien, som set oss inn i eit lett dystopisk samfunn i ei ikkje alt for fjern framtid. Eg skriver lett dystopisk, for det blir fort klart at Atwood har sett nøye på trender og strøymingar i dagens samfunn når ho beskriver eit framtidig samfunn som har gått heilt av hengslene. Dei store selskapa har all makt, deira tilsette bur isolert frå omverda i luksuriøse enklaver tilknytt arbeidsplassen. Alt utanfor desse enklavene er for lovlaus slum å rekna, der gjengane regjerer og sexindustrien blømer. Genmanipulering er blant dei største næringane der populære produkt er organ grodd fram i griser, sauer med menneskehår, kjøt som blir grodd fram meir som frukt og forskjellige medikament. Nye dyresortar, ofte laga på bestilling, er og populært.

Etter ei innleiing der me treffer den noko sinnsforvirra karakteren Snømann i det som verkar som eit postapokalyptisk landskap, blir det klart at han før heit Jimmy og romanen fokuserer på oppveksta hans i ei av HelthWyzer sine enklaver. Me treffer foreldra hans som begge jobber innan organproduksjon, og me blir og kjent med den brilliante bestevenen Glen. Glen skal vise seg å vera ein svært viktig karakter, med større planer enn nokon kan ane.
Jimmy er frustrert og gjer det ikkje så bra på skulen som han burde, og han blir ikkje spådd den lysaste karriæremessige framtida. Han er i tillegg stadig like ulykkeleg forelska, noko som nok bunner i rastlausheita som heile tida trekkjer i han.

Margaret Atwood sitt språk og leik med ord er svært behageleg å lese, eg kjente meg raskt transportert til denne dystopiske verda og bruddstykker frå den romsterte rundt i hovudet gjennom heile perioden eg jobba meg gjennom romanen. Når eg var ferdig var eg slett ikkje sikker på om eg likte den eller ikkje. Den var ganske vond å lese, sidan alt som kan seiast å vera gale med dagens samfunn har i romanen blitt normen og dei einaste verdiane som framleis gjelder er dei økonomiske og overfladiske. Det slo meg at ein slik reaksjon kan kun bety at Oryx og Crake traff meg, og eg lander derfor på karakteren fem.

(Eg leste denne romanen på orginalspråket, så om mine fornorskingar ikkje stemmer overeins med den utgjevne oversetjinga beklager eg det.)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Hvis du likte denne, vil du antakelig elske den neste, Year of the Flood. Det er etter min mening den klart beste boka i trilogien, som avsluttes av Madaddam.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er heilt riktig, eg har vore gjennom alle tre og likte godt turen gjennom Atwood sitt univers :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardTor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_VannflaskeGodemine