Selma Lagerlöf skreiv flotte bøker. Dette er den tredje boka av henne eg les eller høyrer, i alle tre er hendingane lagt til Värmlandstraktene der ho sjølv vaks opp. Skal ein døme etter skildringane av folk og natur var ho særs glad i både landsdelen og menneska som bur der.

I denne historia er det den foreldrelause Ingrid og godseigarsonan Gunnar Hede som er hovudpersonar. Gunnar er student, men som Kaare Ørnung sang i si tid: «Jeg vil mye heller spille fiolin». Godset han skal arve gjeng heden, og han endar som omreisande bygdetulling.

Ingrid hadde, saman med bestefaren sin, fylgje med eit omreisande eldre akrobat-ektepar, og ho forelska seg i Gunnar ein dag han som student på impuls spelte fiolin til forestillinga deira. Lagnaden hennar vidare er av det underlege slaget som eg trur berre Lagerlöf kunne ha dikta i hop. Der er enkelte ubeskriveleg flotte scener som spelast ut undervegs i boka.

Glimtvis er dette noko av det beste eg har lest av denne forfattaren. Men berre glimtvis, ein god del av historia var meir på det jevne. Når enkelte deler av handlinga i tillegg blir ørlite for skjematisk etter min smak, så endar eg på eit litt strengt terningkast 4 på denne boka. Likevel vil eg ikkje nøle med å anbefale den til andre lesarar. God bok.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

LilleviMathiasPiippokattaKirsten LundAlice NordliJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieStig TNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente Nogva