Heilt grei krimbok frå Kepler-ekteparet. Likevel kjem den ikkje opp på det same nivået som eg tykte enkelte av dei andre bøkene i serien om Joona Linna har.

Det er ein seriemordar i aksjon. Politiet får tilsendt videoklipp som viser damer i daglegdagse gjeremål, men filma frå eit kikar-perspektiv. Før det er mogleg å avgjere kven som er på filmen, blir damene drept på ein forholdsvis blodig måte. Til slutt er det ikkje råd lenger, spesialagenten Saga Bauer må ut i øydemarka og hente Joona, som alle andre trur har omkome for eit års tid sidan.

Psykiataren Erik Maria Bark frå den første Joona-boka, Hypnotisøren, har ei sentral rolle også i denne boka. Dei fleste av dei andre ingrediensane får dei øvrige bøkene er også til stades. Men denne gangen får eg kjensla av at det har vært litt slurv og hastverksarbeid i arbeidet med boka. Kanskje er det dei mange skrivefeila som gjev meg denne kjensla? Det er i såfall truleg i størst grad oversetjaren sitt ansvar. Ser ein bort frå dette så er det likevel litt som manglar for at eg kan dele ut eit av dei to høgste terningkasta til boka.

På plussida så må eg få framheve at det gjekk uvanleg lang tid før eg forstod kven mordaren er. Grepet med ein høggravid politietterforskar gav meg også litt «Fargo»-kjensle. Og eg er på ingen måte lei av Joona & co. Måtte det kome mange fleire bøker om denne finnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Elin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiKirsten LundMartineDemeterIngunn SNorahTove Obrestad WøienOddvarGLilleviMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima MontgomeryConnieIreneleserLene MMarianneNCecilieJarmo LarsenAmanda AJBHilde MjelvaHeidi LEster SPiippokattaDolly DuckTrude JensenStine SevilhaugHanne Kvernmo RyeNina