Simon Snow er the Chosen One – men han er ikkje særleg god til det. Han er den sterkaste magikaren som har levd, men kan ikkje styra sin eigen magi. Han byrjar sitt åttande år ved magiskulen Watford, og gler seg til å komma attende – sjølv om førre år slutta med enno eit møte med erkefienden the Insidious Humdrum, som syg magi ut av verdi. Men attende på skulen er ikkje ting som tidlegare – det er slutt med kjærasten Agatha, og romkameraten/-fienden Baz kjem ikkje att til skulestart.

Carry On er noko so spesielt som ein fiktiv fiksjonstekst, som er blitt ein ekte fiksjonstekst. Lat meg forklara: I Fangirl av same forfattar (Rainbow Rowell) skriv hovudpersonen Cath fanfiction om roman- og filmhelten Simon Snow, som i romanen er oppdikta av (den oppdikta) forfattaren Gemma T. Leslie – heng du med so langt? Når Rowell var ferdig med Cath og hennar historie, klarte ho ikkje å sleppa Simon og hans verd – ho hadde jo laga verda, såg ho føre seg – og bestemte seg derfor for å skriva si eiga historie. Dette er verken Leslie sin Simon Snow eller Cath sin fanfiction, men Simon Snow på eigi hand. Likevel trur eg dei fyrste lesarane av Carry On vert dei som har lese Rowell før – fram til nokon oppdagar at Simon Snow kan fylla eit bittelite hjørne i det store tomrommet etter Harry Potter.

Simon Snow er nemleg nesten Harry Potter. Kanskje kan ein kalla Carry On fanfiction, eller ein pastisj – for parodi er det ikkje. Til det er Rowell for glad i sjangeren og grunnlaget, og lagar ein litt for original historie, sjølv om dei kjente delane er med. Simon er sjølvsagt foreldrelaus, og profetert (men det finst ein twist). Draco Malfoy er der (med ein stor twist), og Simon har ein besteven som rett og slett er Hermione Granger, berre mindre omgjengeleg. Hagrid er blitt gjetaren Ebb (som er av dei sterkaste magikarane som lever), og Dumbledore er den militante og revolusjonære The Mage. Og: det funkar. Det er ikkje Harry Potter, men det vert jammen spanande nok når det nærmar seg jul ved Watford.

Det Rowell gjer best – i tillegg til å fortelja ein spanande historie med meir mysterie enn magi – er å skriva personar som verkar truverdige, sjølv om dei er ein betrevitande stjerneelev, ein profetert utvalt og ein homofil vampyr. Medan kjærleiken mellom t.d. Harry og Ginny (ja, her kjem fleire samanlikningar) er noko opphøga og rein (bittelitt klining, men det er det), er forholdet mellom personane i Carry On hakket meir lidenskapeleg – og truverdig. Me har trass alt med 18-19-åringar å gjera. Ho let òg magikarane bruka moderne teknikk – kvifor i all verda skal ein ikkje det? Det vil alltid vera meir effektivt med mobilar og bilar enn småfugl og sopelimar.

Ok, oppsummering. Carry On er ikkje Harry Potter – ikkje i nærleiken ein gong. Ikkje er det ein klassisk ungdomsroman av den typen det finst ein del av no for tidi heller, t.d. frå Rowell eller John Green. Men som oppfylgjing til Fangirl eller som enkeltståande, ganske grei, og likevel nyskapande, fantasy er det flott. Eg trur eg kjem til å tipsa syskenbarn og lesane elevar om denne.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesHarald KRune U. FurbergNinaMads Leonard Holvikingar hTralteKirsten LundsveinMarit HåverstadFrode Øglænd  MalminEvaRandiAHilde H HelsethPiippokattaBente NogvaTone Maria JonassenHilde Merete GjessingLisbeth Marie UvaagBeathe Solberganniken sandvikEllen E. MartolTonje-Elisabeth StørkersenBjørg RistvedtStig TFriskusenElin SkjerengIngunn SLailaEivind  VaksvikTrygve JakobsenEmil ChristiansenMarianneNBjørg L.Karin BergBjørg Marit Tinholt